Hovland, Kaldestad og Helleve m/band + Bjørnstad/Bjerga Haugen

EVENTINFORMATIONEN
Den intellektuelle countryfestivalen opnar med nyskapinga Hickory Wind. Dette er tittelen på eit prosjekt som dei tre forfattarane Ragnar Hovland, Per Olav Kaldestad og Dag Helleve står bak saman med musikarane Bjørnar Ekse Brandseth, Lars Finborud, Yngve Jordalen og Andres Fretheim.

«Hicory Wind» er signaturlåten til Graham Parsons og var med på den legendariske Byrds-plata Sweetheart of The Rodeo som kom ut i 1968. Med dette som utgangspunkt har forfattartrekløveret skrive nye tekstar som har referansar frå heile den amerikanske countrysoga – frå Hank Williams til Emmylou Harris. Ekse Brandseth har komponert masse ny musikk. Som det høver seg for ein festival med tilhald på Voss – tingingsverket høyrer med!

Andre del av opningskonserten er med forfattar, komponist og pianist Ketil Bjørnstad og vokalisten Eva Bjerga Haugen. Bjørnstad har sett melodi til nokre av Kjersti Annesdatter Skomsvold sine dikt frå samlinga Litt trist matematikk (2013). Boka fekk strålande kritikkar – «Hun skriver med en sjelden kombinasjon av styrke og følsomhet, og hun skriver om eksistensielle tema med en tydelig vilje til alvor. Litt trist matematikk er derfor en bok som gjør inntrykk» (Marit Grøtta, NRK P2). 
Bjørnstad har tonesett dikt av så ulike forfattarar som Harry Martinsson, Knut Hamsun, John Donne, Edvard Munch og Lars Saabye Christensen. Han har jobba med ulike vokalistar, men her har han innleidd eit særs fruktbart samarbeid med den Stavangerbaserte vokalisten Eva Bjerga Haugen. Bjerga Haugen er eit unikum. Ho har full kontroll på tonen uansett kor svakt ho syng.