Language
Help
© TicketCo AS 2024.
Legal terms for ticket buyers
Legal terms for organizers.
Heidi Kvelvane er ein av dei travlaste musikarane her på berget, og ho spelar jazz den eine augneblinken for så å gje seg folkemusikken i vald i neste. Kvelvane er også ein fin pedagog og orkesterleiar. Etter å ha jobba med improvisasjon med elevar ved den nedleggjingstruga musikklinja ved Voss gymnas nokre dagar, skal dei syna oss kva dei har fått ut av seminaret. Her bør vel jazzklubben og skulen invitera fylkespolitikarar til å sitja på fremste benk? Denne konserten er på TRE BRØR.