page view image

CARSTEN DAHL TRIO «GOLDEN RATIO»

Arrangementsinformasjon
event image

For fyrste gong i Noreg får vossa-publikummet høve til å høyra den danske pianisten Carsten Dahl med den nye trio sin. Den svenske bassisten Daniel Franck, er å høyra i tallause svenske og danske jazzband, og han er ein ofte nytta bassist på klubbar i nabolanda innan mainstream og be bop-jazzen. Den danske trommeslageren Jacob Høyer, er til liks med Franck å høyre ”overalt” på klubbar i København. Carsten Dahl er ein meisterpianist og med dette ”holdet” får me ein heilt spesiell Norges-debut.