Draumkvedet
Berit Opheim, vokal, Nils Økland, fele og hardingfele, Karl Seglem, saksofon og Sigbjørn Apeland, trøorgel.
Draumkvedet i Vangskyrkja
I januar 2024 arrangerte Voss jazzklubb konsert med Draumkvedet. Songaren Berit Opheim stod i spissen for eit kremlag med Per Jørgensen, Karl Seglem og Sigbjørn Apeland. Den 8. januar er ho tilbake med Seglem og Apeland i tillegg til fiolinisten Nils Økland. Draumkvedet er eit spesielt verk i europeisk litteratur. Det er eit visjonsdikt i balladeform. Det er vanskeleg å datera verket, men verket stammar i alle fall frå før reformasjonen med klare referansar til katolisismen. Draumkvedet er overlevert i munnleg kvedartradisjon i Øvre Telemark hovudsakleg i Kviteseid- og Lårdaltraktene, og blei nedskrive og kjent for eit større publikum fra 1840-åra.
Opheim & Co er tvillaust blant dei fremste nolevande tolkarane av denne særmerkte folkevisa.