Eli Storbekken og Sigurd Holes FABEL

Arrangementsinformasjon

Storbekken har gjort mellomalderballadar, riddarviser, skillingsviser og meir i samlemappa gamle viser til sitt varemerke, både som pedagog og utøvar. På cd-en «Fabel» har ho plukka fram 10 viser der melodiane i hovudsak err komne frå Hedmark og Østfold, men med variantar frå både norske og svenske dalføre. Jazzbassisten Sigurd Hole har sett sitt klare preg på arrangementa og stemninga i songane, og det er litt av ein musikargjeng han og Eli har henta inn i studio; Olav Torget på gitar, dobro og det eldgamle strykeinstrumentet konting, Jarle Vespestad på slagverk og dhol, Nils Økland på fele og hardingfele og Karl Seglem på bukkehorn og saksofon.

Det er instrumenteringa og dei elegante arrangementa som gjer «Fabel»til ei utg- jeving som merkar seg ut. Det bør ikkje overraska om det vankar ein Spellemannspris- nominasjon for dette albumet. Eli Storbekken si klare og mjuke røyst smyg seg elegant, men enkelt og ujålete inn og ut av dei musikalske draperia. Sjølv om dei fleste av songane på «Fabel» kan daterast fleire hundre år attende i tida, er ikkje alt like gammalt. Sistesporet «Vi reiste i snø den natta» har tekstar henta frå poeten Lene E. Westerås, fødd i 1969. Songen vart laga til utstillinga «På skinner» som Käthe Øien og Helga D. Storbekken hadde for eit par år sidan.

Det mest kjende sporet på «Fabel» err balladen om «De to søstre» eller «Horpa» som han også vert kalla. Dette er ein ballade som finst i eit utal melodivariantar både i Skandinavia og i storparten av Euopa. Eli Storbekken nyttar to melodivariantar på denne innspelinga; ein etter Ludvig N. Lindeman frå Østfold og ein etter Rønnaug Vangen frå Lom i Oppland.

NILS KVAMSDAL | tekst nk@avisa-hordaland.no