page view image

ERLEND APNESETH

ERLEND APNESETH - HARDINGFELER
STEPHAN MEIDELL - GITAR, EFFEKTER
ØYVIND HEGG-LUNDE - TROMMER

Informasjon
event image

ERLEND APNESETH - HARDINGFELER

STEPHAN MEIDELL - GITAR, EFFEKTER

ØYVIND HEGG-LUNDE - TROMMER


Felefantomet frå Jølster kjem til Voss jazzklubb med både kompisane sine og spelar ein konsert du ikkje vil la gå frå deg. Trioen er kjend for sitt suggererande samspel som tar

deg via verdsrommet, inn i jordas kjerne og tilbake att, pluss ei og anna vitjing på Apneseths heimtraktar i Sunnfjord. Alt du treng å gjere er å møte opp og la kroppen gjera jobben. Dei har utgjeve fleire utmerka innspelingar, og gjer stor suksess på alle scener dei vitjar – frå dei store jazzscenene i storbyane til dei små, intime lokala rundt om i bygde-Noreg.