ESPEN ERIKSEN TRIO
Espen Eriksen, piano, Lars Tormod Jenset, bass og Andreas Bye, trommer.
Informasjon
Vossapublikummet har ein kjærleik for melodiøse jazzpianistar. Noko Voss jazzklubb har presentert mange av dei siste åra, og no er det klart for haugesundaren Espen Eriksen med trio.
Med sterke låtar og stor publikumsappell har dei funne eit uttrykk som er lett å lika, noko dei har bevist på fleire utgjevingar på Rune Grammofon. Dei skil seg ut i den norske jazzfloraen med sine relativt korte og melodiøse låtar, og ei «less is more»-tilnærming i arrangementa og framføring. Musikken er lyrisk, vakker og melodisk og kan trygt plasserast i en skandinavisk tradisjon med innslag av folkemusikk og melankoli.