Hullyboo m/Tore Brunborg

Arrangementsinformasjon

Hullyboo

Jakob Eri Myhre - trompet, Tore Brunborg - saksofon, Marius Hirth Klovning - gitar, Bjørnar Kaldefoss Tveite - bass og Mats Mæland Jensen - trommer

 

Farkost

Farkost er Hullyboo si andre utgjeving og den blir gitt ut av det Trondheimsbaserte

plateselskapet Øra Fonogram våren 2019. Plata blei spelt inn i løpet to varme sommerdagar i

Oslo i september 2018. Musikken kan beskrivast som leiken jazzmusikk forankra i sterke

melodiar og komposisjonar. Hullyboo finn inspirasjon i mange ulike sjangrar og

blandar det saman til sitt eige uttrykk.

 

Hullyboo blei starta i 2009 av Marius Klovning, Bjørnar Tveite og Mats Mæland Jensen. Dei

gav i 2012 ut den første plata si, “Bønner og flesk”, på NORCD og turnerte dei påfølgande åra rundt i Noreg. Siden blei medlemmene i bandet opptekne på andre frontar og i andre band.

Trioen har no teke opp att tråden og har blitt utvida til en kvartett med Jakob Eri Myhre

på trompet. I 2019 feirar Hullyboo 10 år som band med ny plate og turné. Med seg på dette

skal dei i tillegg ha saksofonist Tore Brunborg.

 

Medlemmene i bandet er kjende fra ulike band/artistar som blant annet Cezinando,

Skadedyr, Manu Katché, Arne Torvik Trio, Makan og Fagernes Yacht Klubb.

 

Farkost blei spelt inn i studioet “Fersk Lyd” i Oslo saman med teknikar Giert Clausen.

Miksinga blei gjort av Daniel Wold og mastering av Karl Klaseie i Øra mastering. Coverbilde

er laga av kunstnaren Geir Nymark frå Voss med cover design av Christian Meaas

Svendsen.