page view image

KRISTIN SKAARE / ANDREAS AMUNDSEN

Kristin Skaare, piano og Andreas Amundsen, bass.

Informasjon
event image

Pianisten Kristin Skaare har i ein del år figurert mest som pianist for artistar innanfor andre sjangrar enn jazz. Ho har samarbeidd tett med Kari og Ola Bremnes, Mari Boine, Anne Grete Preus, Vamp, Herborg Kråkevik og ei rekkje andre som har hatt behov for en utmerka «komp»-pianist. Dei seinare åra har ho valt å gje ut sin eigen musikk, og me har fått fleire lyriske perler fra pianisten, seineste med kvartettplata Transparency, som kom i fjor vår. Seinare på året kom hun med duoprosjektet Turned to Memories saman med bassisten Andreas Amundsen. Og det er denne duoen Voss jazzklubb får besøk av denne kvelden.

Her gjer dei sine versjonar av favorittlåtane sine, frå Alf Prøysen og Erik Bye til Janis Ian og Michel Legrand. Og her kan me lova ein nydeleg kveld med musikk i skjeringspunktet mellom tradisjonelle viser, vakker popmusikk og jazz.


Kristin Skaare, piano og Andreas Amundsen, bass.