page view image

PER ZANUSSI TRIO

Kristoffer Alberts – saksofon, Per Zanussi – bass, Per Oddvar Johansen – trommer

Informasjon
event image

I fjor kom Per Zanussi Trio ut med plata A Keen Beast på plateselskapet Sauajazz, og for fleire av oss ble denne ein favoritt frå fjoråret.

Bassisten Per Zanussi er ein av dei norske musikarane som dukkar opp i ei rekke band. Han har eigne prosjekt som Zanussi 5, Zanussi 11, Zanussi 13. Og no er det trearen som skal til pers! Per Zanussi har skrive musikk for ein ny combo beståande av musikarar med lange merittlister. Kristoffer Alberts har «skjerpa stålet i hjørnesteinsbedrifter» som Cortex og Large Unit og Per Oddvar Johansen dreg inn Spelemannsprisar omlag kvar gong han set seg på trommestolen.

Og sjølv om me er vant til å høyra både Zanussi og Alberts i friare konstellasjonar, har Zanussi, denne gongen, et lite steg innover mot eit musikalsk sentrum og et meir melodisk uttrykk. Og konserten dei gjorde på Oslo jazzfestival i sumar, var eit av høgdepunkta det her året.