The Northern Belle

Arrangementsinformasjon

The Northern Belle er kanskje det heitaste namnet innan norsk country/americana no om dagen. Til festivalen er dei klar med den tredje plata si. Smakebiten "Gemini" er allereie på marknaden. Det er all grunn til å ha høge forventningar både til albumet og opningskonserten på Den forvitnelege countryfestivalen.


The Northern Belle er:

Stine Andreassen, vokal, gitar, låtskrivar, Ole-Andre Sjøgren, gitar, mandolin, kor, Bjørnar Ekse Brandseth, dobro, pedal steelgitar, gitar, kor, Johanne Flottorp, hardingfele, fele, kor, Marie Tveiten, perkusjon, gitar, kor, Yngve Jordalen, bass og Svein Inge Bjørkedal, trommer.