Trio de Janeiro avd. Vill vest

Arrangementsinformasjon

Trio de Janeiro fekk Spellemannsprisen for debutalbumet "Brazilikum" i 1993, og blei då for alvor kjent på landsbasis. Trio de Janeiro er likevel først og fremst eit glimrende live-band som med særeigen, slentrende eleganse freistar å formidla det gruppa sjølv har kalla "en typisk brasiliansk aroma av rufsete sjarm og lekende omtrentlig nøyaktighet".
Trio de Janeiro har seinare gjeve ut CD-en "Amoregano", og har gjesta så vel TV/radio som de fleste norske festivalane og konsertlokala av betydning. Når Trio de Janeiro går på scenen, kan publikum gleda seg til ein humørfylt konsert med latinamerikanske rytmar fremført av særs dyktige musikarar som evnar å formidla latinamerikansk varme sjølv på dei kaldaste norske vinterdagane.

Trio de Janeiro er denne gongen utvida til kvintett og beseteninga er som følgjer: Anne-Marie Gjørtz - song/egg, Tom S. Lund - gitar, Sveinung Hovensjø - bass/cavaquinho, Tor Yttredal - saks og Stein Inge Brækhus - trommer.