Språk
Hjelp
© TicketCo AS 2024.
Vilkår for sluttbrukere (billettkjøpere)
Vilkår for arrangører.
Bassist Ellen Brekken held oftast fortet i dei djupe frekvensane i band som Hedvig Mollestad trio og Falkevik, men i Tonic for The Troops er det ho sjølv som er general. Musikken er inspirert av andre bassistar og komponistar som Marc Johnson, Ray Brown, Charlie Mingus og Scott LaFaro, der stikkorda er unisone riff, raske løp, rolege landskap og leiken rytmikk i ein moderne mainstream-tradisjon.
Brekken har samla ein tropp svært aktive utøvarar med bakgrunn frå både den amerikanske tradisjonen og den meir moderne europeiske jazzen og angrip musikken med både fart og finesse. Drinken vi får servert inneheld både høg energi, tett samspel, sterke melodiar, forrykande enkeltprestasjonar og eit sprettent komp.