Vettùren so va
Vettùren so va er eit samarbeid mellom Dag Helleve (tekstar og resitasjon) og musikarane Heidi Kvelvane, saksofon og akkordeon, Bjørnar Kaldefoss Tveite, bass og Kåre Opheim, trommer og perkusjon.
Vettùren so va er eit samarbeid mellom Dag Helleve (tekstar og resitasjon) og musikarane Heidi Kvelvane, saksofon og akkordeon, Bjørnar Kaldefoss Tveite, bass og Kåre Opheim, trommer og perkusjon. Helleve fortel:
Ideen til Vettùren so va, kom i fjor rundt jolatider då snøen lava ned nesten ein månad i strekk både før og etter jol, og det vart sagt at ein slik snøvinter hadde me ikkje hatt på Voss sidan 1962. Eg begynte på nokre tekstar, og så fann eg nokre dikt eg hadde hatt liggjande, og så tenkte eg at dette hadde det vore kjekt å gjera noko meir med musikarar, og både Bjørnar, Kåre og Heidi var med med ein gong.
Dette vert eit skikkeleg spennande prosjekt, og det er eit fellesskapsprosjekt med tekstar/dikt og musikk, alle tre musikarane lagar musikk, samt at dei improviserer undervegs. Me veit ikkje kva som kjem ut at denne konserten, og det er alltid spennande, men alle fire er oppglødde for prosjektet og konserten.