page view image

MIRIAM KIBAKAYA & ESPEN BERG + EDÉN / KVIFTE / NESHEIM

Miriam Namtero Kibakaya - vokal, Espen Berg - piano.
Mats Edén, fele, Tellef Kvifte, fløyter og Knut Kvifte Nesheim, trommer og perkusjon.

Information
event image

Velkomne skal de vera til endå ein samarbeidskveld i saman med Osascena og Voss jazzklubb! Også denne kvelden får vi høyre to spanande konstellasjonar, begge med kvar sin tradisjon støtt i botn i Osasalen.

MIRIAM NAMTERO KIBAKAYA OG ESPEN BERG
«Standards with new colors and their own compositions in a unique, soulful corner».

Espen Berg bør vere kjent for Vossapublikummet. I 2024 spelte han solo på jazzklubben, og no kjem han attende saman med vokalisten Miriam Kibakaya. Ho har eit sjelfullt vokalutrykk som passar svært godt i saman med Bergs drivande og lyriske pianospel.

Kvar for seg har dei begge utvikla eit eige uttrykk med ein klar forankring i melodi, rytme og historieforteljing. Dette er element som får skine når låtar frå standardrepertoaret fargeleggast på nytt der dei får nye former i dette duoformatet. Samspelet er leikent og lyttande, med god plass til både improvisasjon og dei sterke melodiane, så her har publikum mykje å gleda seg til!
Miriam Namtero Kibakaya - vokal, Espen Berg - piano


ÉDEN/KVIFTE/NESHEIM

Den svenske felespelaren Mats Edén og den norske folkemusikaren Tellef Kvifte har vore med på å forma utviklinga av moderne svensk og norsk folkemusikk sidan 1970-talet. Med djupe røter i tradisjonsmusikken, og samstundes eit ope blikk mot improvisasjon, avant garde og andre musikalske uttrykk, har begge vore sentrale i å utvida folkemusikken sitt uttrykksrom i dag. No har dei funne saman i trio med trommeslagar Knut Kvifte Nesheim.

Edén og Kvifte var pionerar i høvesvis Groupa og Slinkombas, to ensemble som har vore med på å forma den nordiske folkemusikken slik vi kjenner han i dag. Knut Kvifte Nesheim representerer ei yngre røyst i trioen, med brei erfaring frå jazz, samtidsmusikk og improvisasjon. Mange på Voss vil kjenna han att frå Vossa Jazz 2024, der han presenterte verket Graosido saman med OJKOS.