page view image

SIGNIFICANT TIME

Signe Irene Time, vokal, synthesizer, Øyvind Dale, piano, synthesizer, Fredrik Luhr Dietrichson, bass og Raymond Storaunet Lavik, trommer, perkusjon.

Information
event image

Kvartetten Significant Time kjenner nok fleire i publikummet vårt frå konserten deira i Osasalen under Vossa Jazz for eit par år siden då dei gjorde prosjektet Vossastubbar. No er de ute med ny plate, med framifrå komposisjonar av pianisten Øyvind Dale (sonen til Olav Dale), og dei kjem til Voss med låtane frå den nye plata Ekstatisk eufori. Dei er mest kjende for blandinga si av tradisjonell, norsk musikk og mer moderne jazz, og dei har tidlegare gjeve ut platene Regnbueponniens Signifikante Påskesang og Vossastubbar.

Om den siste utgjevinga skreiv salt peanuts* at «Øyvind Dale har laget utmerkede komposisjoner. Bare titlene er nesten verdt et studium i komponistens psyke. Og hans pianospill er det førende gjennom hele plata. Han leverer strålende soloer, og i ensemblespillet pisker han de andre musikerne framover til å yte sitt aller beste. Vokalen til Time er flott, både det ordløse, scattingen og det tekstlige, og Luhr Dietrichsons bass-spill er, som alltid, solid på plass, sammen med det drivende, pågående og «lekne» trommespillet til Storaunet Lavik. En utmerket utgivelse som har en helhet, og som fungerer fint fra start til mål».


Signe Irene Time, vokal, synthesizer, Øyvind Dale, piano, synthesizer, Fredrik Luhr Dietrichson, bass og Raymond Storaunet Lavik, trommer, perkusjon.