page view image

MILES OG COLTRANE I 100

Heidi Kvelvane – saksofonar, Ivar Kolve – vibrafon, Lyder Øverås Røed – trompet, Toivo Fjose – bass, Kåre Opheim – trommer

Information
event image

Det er nesten litt skummelt å tenkja på at to av dei absolutt største namna i jazzhistoria er fødd same året. Trompetaren Miles Davis (fødd 26. mai) og saksofonisten John Coltrane (fødd 23. september), vart begge fødde i 1926.

Og kva dei har utretta i jazzen er historisk!

Kvifor gå over bekken etter vann? I staden for å gå til Sambandsstatane eller Oslo for å laga eit Miles/Coltrane-prosjekt, har me engasjert vår eigen saksofonist Heidi Kvelvane til å setta saman eit spesialprosjekt for å hylla dei to stilskaparane. Vi har fått støtte frå Voss Sparebank til konserten, og med Kvelvane, som ei av dei mest spanande saksofonistane i Noreg om dagen, er vi viss om at me får levert varane med dette utmerka bandet.

Om dei fem tek for seg heile Miles og Coltrane-katalogen, veit med ikkje, men om dei gjer det, kan det bli ein lang kveld, men me er visse på at me får eit godt utval av den fantastiske musikken desse to meistarane har laga opp gjennom historia.